Som prosessoperatør på Engebø er Simen Husabø med på å halde hjula i gang, bokstaveleg talt.
—Jobben min handlar om å drifte anlegget, bidra til vedlikehald og feilsøking. Vi har mange prosessar og mykje utstyr som skal fungere saman, så det gjeld å følge med og vere påskrudd, fortel han.
Simen starta i Nordic Mining i september 2024, saman med rundt 40 andre prosessoperatørar. —Det var ganske spennande! Vi fekk vere med heilt frå oppstarten av anlegget, noko som gir ein heilt spesiell eigarskap til jobben, seier han.
Før han kom til Engebø, jobba Simen åtte år i helsesektoren. Det var når han skulle flytte heim igjen til Sunnfjord etter nokre år på austlandet han søkte jobb som prosessoperatør: —Eg hadde lyst til å prøve noko heilt nytt og utfordre meg sjølv. Det har eg verkeleg fått gjort her!
Ein dag på anlegget
Arbeidsdagen startar med skiftbyte. —Då går vi gjennom kva som har skjedd på førre skift og får ei oppdatering på status i anlegget. Det gir oss ein peikepinn på kva vi skal fokusere på, og viktig informasjon vi treng for trygg og effektiv drift, forklarar han. Etterpå går turen til «tørrbygget», den delen av prosessen der Simen har hovudansvaret sitt. —Eg startar som regel med å sjå over utstyr og få oversikt. Resten av dagen handlar om å vere observant, sørge for at alt går som det skal, og alltid tenke HMS. —Vi jobbar med store og tunge maskinar, så tryggleik kjem først, seier han.
Det Simen likar best, er å vere del av eit moderne og avansert anlegg. —Her lærer eg noko nytt kvar dag om korleis utvinning av mineral skjer frå start til slutt. Eg likar og ansvaret for sluttproduktet, eg vil at kundane våre skal bli fornøgde!
Nokon som får skryt for å ha hjulpe Simen til toppen av læringskurva når den har vore bratt er skiftet has: —Eg må seie at skiftlaget mitt er heilt topp. Dei gjer at eg trivst, og dei hjelper meg å bli betre med all erfaringa dei har.
Læring, utfordringar og meistring
—Den største utfordringa så langt har vore å bygge opp forståinga for korleis alt heng saman. Anlegget består av mange steg og prosessar, og det tek tid å lære alt. Men det kjem etter kvart, spesielt når vi får bryne oss på feil og må feilsøke, då lærer ein verkeleg, seier han.
For Simen er den største motivasjonen når teamet løyser eit problem saman.
—Når vi får det til og ser resultatet av samarbeidet vårt, då er jobben skikkelig givande!
Tryggleik og samarbeid
—Tryggleik og samarbeid går hand i hand, meiner han. —Vi er flinke til å hjelpe kvarandre og sørger for at arbeidet blir gjort på ein trygg og sikker måte. For meg handlar tryggleik og om å passe på kollegaene mine, spesielt når vi gjer oppgåver som kan vere krevande eller inneber risiko.
Utvikling og framtid
Sidan han starta, har Simen lært mykje, både praktisk og personleg. —Eg har blitt tryggare på å skru på utstyr, og fått mykje praktisk erfaring. Eg har òg blitt betre til å jobbe under press og halde roen når noko skjer. Samstundes har eg lært mykje teori og forståing av korleis prosessanlegget er bygd opp.
Framover ønsker han å bidra til eit godt miljø og vidare utvikling av Engebø.
—Eg vil vere med på å bygge eit triveleg arbeidsmiljø og sjå Engebø vekse til å bli ein leiande leverandør av kritiske mineral til verda, seier han.
Litt om livet utanfor anlegget
—Det som gjer meg mest stolt, er meistringsfølelsen når eg får til noko som faktisk betyr noko for teamet og bedrifta, seier Simen.
På fritida hentar han energi frå rolege og sosiale aktivitetar.
—Eg likar å vere med sambuaren og katten min heime, eller å kome meg ut i naturen. Baking, dataspel, film og seriar og tid med familien, det er det som lader batteria mine, seier Simen.
Tre ord om laget
– Ressurssterk, innovativ og pådrivande.
Vi har eit lag som verkeleg vil framover, og som hjelper kvarandre med å lukkast.





