Når du møter Håvard ute på anlegget, er han somregel i djup konsentrasjon medan han skrur på noko. Får du augekontakt er det alltid eit smil på lur, før han allereie er på veg til neste problem som skal løysast.
Frå moglegheit til karriere
Håvard starta i Nordic Mining i juni 2024. Då opna det seg ein unik jobb i heilt ny industrien, rett i nærmiljøet.
—Eg var på jakt etter noko nytt, og dette var ei moglegheit eg ikkje kunne la gå frå meg, fortel han.
Arbeidsdagen: alt anna enn einsformig
Kvar dag startar med eit morgonmøte: kva har skjedd siste døgnet, kva må prioriterast, og korleis går drifta?
Etter ein kopp kaffi er det ut på anlegget, der arbeidsoppgåvene er alt anna enn einsformige.
—Det er sjeldan ein dag er lik. Sjølv om eg er mekanikar, får eg prøve meg innan fleire felt. Vi tilpassar oss der det trengst, og hoppar inn der det er behov, også i drift. Målet er jo oppetid, fortel han.
Skikkelig givande jobb
I eit stort anlegg, der alle maskiner skal jobbe i harmoni, vil det oppstå små og store utfordringar.
—Den største utfordringa er at alt skal fungere i lag. I ein innkjøringsfase møter ein gjerne på ting som ikkje går som planlagt. Men det er jo det som gjer jobben givande, å få ting til å fungere. Når vi ser kor vi starta, og kor langt vi har kome no, då kjenner ein verkeleg på meistring, fortel Håvard.
For Håvard heng tryggleik og samarbeid tett saman.
—Med gode kollegaer blir alt lettare. Når vi har god flyt, kan vi overlappe kvarandre og jobbe som eit lag. Når vi forstår kvarandre, kan vi unngå stressande situasjonar. Spesielt i tilfella der vi er avhengig av å kommunisere utan ord.
Håvard beskriv læringskurva sidan han begynte i jobben som bratt. Han har lært mykje både om anleggsutstyret og om seg sjølv. Han brenn for gode løysingar, stabil drift og eit trygt arbeidsmiljø.
Glad i jakt
—Eg har sjølvsagt mykje yrkesstoltheit, det er ikkje til å stikke under ein stol.
Når arbeidsdagen er over, og Håvard skal lade batteria, trivast han godt ute i friluft. Gjerne saman med sambuaren og hunden. Så er han skikkelig glad i hjortejakt.
Korleis vil Håvard beskrive laget på Engebø med tre ord?
—Tilpassingsdyktige, flinke, standhaftige. Vi står på, og vi får ting til.





