Dommen frå lagmannsretten, drifta held fram som normalt.
Lagmannsretten har avgitt sin domsavsigelse i sak mellom staten og Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. Retten meiner at staten si saksbehandling ikkje er tilstrekkeleg. Dette handlar om prosess, ikkje om lovlegheita av sjølve drifta.
—Nordic Mining er ikkje part i saka og dommen er ikkje bindane for oss. Vi forheld oss til dei tillatelsane vi har og fortsett med produksjon av mineral, sier CEO Finn Ivar Marum i Nordic Mining.
Vår oppleving er at staten ønsker mineralutvinning på Engebø, og at dei vurderer vidare tiltak utifrå dette.
Mineralutvinning på Engebø har strategisk betydning for Norge og Europa. Granatkunden vår har allereie motteke nokre forsendingar med granat. Kunden vår i Japan, ventar no på første lass med rutil frå Engebø. Dette er eit viktig råstoff for mellom anna flyindustrien og elektronikk, og bidreg til forsyningstryggleik for kritiske mineral.
Påstandar om at denne dommen betyr stopp i drifta, er feil. Vi held fram produksjonen, og vi gjer det på ein berekraftig måte som vi er stolte av. Det er takka vere våre dyktige og dedikerte tilsette, folk som jobbar hardt kvar dag for å levere høg kvalitet til kundane våre. Vi sender ei stor takk til alle som står på for å sikre at vi lukkast, kvar einaste dag.
Les meir om dommen og prosessen vidare i Firda si sak her.