—Sterk, samansveisa, profesjonell. Slik beskriver Iryna teamet på Engebø med tre ord.
Iryna kom først til Nordic Mining i språkpraksis. Det viste seg raskt at ho var knakande god i jobben sin, og tilførte organisasjonen myke – både faglig og med sin positive personligheit. Det var sjølvsagt at vi måtte legge inn ein innsats for å behalde ho. Heldigvis for oss takka ho ja til tilbodet, og frå nyttår har Iryna vore fast tilsett GIS-ingeniør på Engebø.
—Eg las om prosjektet, måla og menneska som jobbar her, og vart imponert over omfanget. Som GIS-spesialist er det ein unik moglegheit å vere med frå starten og bygge datasystemet i GIS frå grunnen av. Kombinasjonen av industriell utvikling og omsyn til miljøet gjorde at eg ønskte å bli ein del av dette prosjektet, så eg kan seie at å jobbe her var ein draum for meg.
Gjer geografisk informasjonen tilgjengelig
GIS står for Geografiske Informasjonssystem. Ein GIS ingeniør jobbar med å samle inn, analysere og visualisere geografiske data. Ved hjelp av digitale kart og 3D modellar gjer dei informasjon om terreng, anlegg, miljø og ressursar lett tilgjengeleg for teamet.
Som GIS-ingeniør sørger Iryna for at viktig informasjon om prosjektet blir synleg på kart. Ho følger med på kva som ligg kvar, kva som endrar seg, og kva som er kritisk for drifta. Gode kart og data gir teamet moglegheit til å ta raske og gode avgjerder.
— Arbeidsdagane mine er ganske varierte, fortel Iryna. — Nokre dagar er eg ute i felt og samlar inn måledata, tek bilete av kontrollpunkt og bidreg i vassovervåkinga i fjorden frå båt. Andre dagar jobbar eg på kontoret med digitalisering, kartproduksjon, 3D-modellar og analyse av overvåkingsdata, ofte i tett samarbeid med kollegaer som lagar rapportar.
Det Iryna likar best med jobben, er kombinasjonen av feltarbeid og digitale løysingar. —Det er motiverande å sjå at arbeidet mitt gir resultat som teamet tek i bruk, seier ho. — Det gjer det både interessant og givande.
Den største utfordringa i jobben er å bygge eit godt GIS-basert system for innsamling og handsaming av miljødata. Med omfattande overvåking og store datamengder kvar månad, er det viktig å halde oversikt og oppdage avvik raskt. — Det mest givande er at systemet bidreg til å ta vare på miljøet og gir eit solid grunnlag for gode avgjerder, seier ho.
Tryggleik og samarbeid betyr mykje for Iryna: – Det handlar om å bli forstått og støtta, og at idéane dine blir verdsette. I tillegg handlar det om fysisk tryggleik på anlegget og eit godt sosialt miljø der ein kan vere seg sjølv.
Sidan ho starta, har Iryna lært mykje om kartproduksjon og 3D-modellar, spesielt knytt til fjordmodellen og visualisering av overvåkingsdata. — Eg har òg utvikla meg mykje i bruk av moderne ArcGIS-teknologi og i handsaming av store datamengder, seier ho. Framover håpar ho å bidra med både fagleg kompetanse og godt samarbeid i teamet.
Med ein hektisk arbeidskvardag der oppgåvene er varierte og ingen dag er lik, likar Iryna å ta det med ro når ho skal kople av på fritida: – Eg ladar batteria med turar i naturen saman med hunden min, eller rolege kveldar heime med noko kreativt eller ei god bok, smiler ho.





