Ein variert kvardag
Arbeidsdagane er alt anna enn like.
—Eg har fått på plass gode system for logistikken, så no brukar eg mykje tid på kundedialog og oppfølging av forespørslar. I tillegg jobbar eg med fleire forbetringsprosjekt som handlar om sluttprodukta våre, fortel han.
Variasjonen og moglegheita til å bruke heile den faglege breidda gjer jobben ekstra givande.
—Det er fantastisk å sjå samarbeidet med kundane vekse fram, og å oppleve at vi klarer å diskutere utfordrande tema på ein konstruktiv og tillitsfull måte.
Tryggleik, samarbeid og tillit
For Steinar handlar alt om å spele kvarandre gode.
—·Det vi held på med i Nordic Mining er ei aldri så lita månelanding. Då må vi spele kvarandre gode og vere opne for samarbeid på tvers av fagfelt. Tillit og tryggleik er heilt avgjerande for å lykkast, seier han.
Gjennom åra har han lært kor komplekst eit moderne gruveprosjekt er.
—Det er som ein organisme, alle organa må fungere saman. Dersom eitt organ sviktar, påverkar det heile systemet. Difor handlar mykje om å forstå og ha respekt for kor avhengige vi er av kvarandre.
Målet framover er klart:
—Eg vil bidra til at kundane våre og verdsmarknaden får stadig meir og betre produkt frå Engebø. Vi skal levere kvalitet, og bygge tillit over tid, seier han.
Stolt, sliten og litt klokare
Det som gjer Steinar mest stolt, er å ha stått løpet.
—Vi er ikkje 100 prosent i mål, men meir i mål enn vi var i går, og litt mindre i mål enn i morgon.
Utanfor jobb er han både familiefar og treningsentusiast.
—Som firebarnsfar med jenter mellom fem og tolv år er kvardagen hektisk. Eg trenar på å bli flinkare til å lade batteria og luke ut energitjuvar. Lørdag og søndag morgon med ein kopp kaffi medan ungane ser barne-TV – det er blitt den reine oasen, seier han.
Han ler litt, og legg til:
—Eg har dei siste åra begynt å kjenne på korleis ferie med «jentelaget» absolutt er meir givande og oppladande enn slitsam. Det er fantastisk!
Tre ord om laget
—Variert, drivande og triveleg!
Vi er ulike i bakgrunn og energi, men har det til felles at vi vil dra Engebøprosjektet i land – og ha det kjekt på vegen.







