Første sal frå Engebø – ein historisk milepæl for Nordic Mining

Nordic Mining har no levert sitt aller første kommersielle sal frå Engebø. I andre kvartal vart det produsert 3 900 tonn granat, og dei to første leveransane har no gitt selskapet sine første inntekter på 2,7 millionar kroner.

—Dette er ein spanande fase for oss. Selskapet jobbar vidare med å auke kapasiteten og mineralutbyttet, seier administrerande direktør Finn Ivar Marum.

Opptrapping av produksjonen

Opptrapping av produksjonen starta på nyåret, og i juli vart det gjennomført ein planlagt vedlikehalds- og modifikasjonsstans for å sikre driftssikkerheit og kapasitet framover. Opptrappinga er no i gang igjen, med mål om å produsere rutil klart til levering innan utgangen av tredje kvartal.

Knuse- og maleverket ligg no på rundt 75 prosent av designkapasitet. Utstyr blir tilpassa den auka produksjonen, og teamet på Engebø arbeider målretta for å fjerne flaskehalsar og sikre stabil drift.

Solid fundament for vidare vekst

Ved utgangen av andre kvartal hadde Nordic Mining 439 millionar kroner i kontantar. Det gir eit solid økonomisk grunnlag for å bygge opp produksjonen vidare fram mot positiv kontantstraum i 2026.

Så langt er det investert over 2,85 milliardar kroner i industrianlegget på Engebø. Her jobbar no 125 medarbeidarar for å realisere ambisjonen: å levere verdas mest klimavenlege titanråstoff til Europa og internasjonale marknader.

Viktig for Noreg og for verda

Engebø ligg på vestkysten av Noreg og inneheld ein av verdas største førekomstar av naturleg rutil, i tillegg til store mengder granat. Med lang levetid, tilgang på lokal vasskraft og gunstig infrastruktur er Engebø eit prosjekt med både industriell og berekraftig kraft.

– Vi følger våre planar og løyve, og rapporterer til styresmaktene på korleis vi gjennomfører dette, seier Marum.

Dette er berre starten på ei lang reise. Målet er å nå stabil produksjon på designkapasitet for både granat og rutil innan utgangen av 2025, og å sikre verdiskaping for lokalsamfunnet, Norge og det grøne skiftet i mange tiår framover.

Ønsker du å lese eller sjå opptak frå dagens Q rapport, finn du begge deler her.