Frå Kina til odelsgard i Naustdal. Hels på vår vedlikehaldsingeniør elektro, Ann Zhou.

Du lurer kanskje på korleis ei høgt utdanna dame frå Kina endte opp på ein odelsgard i Naustedalen?

—Det byrja med at eg vaks opp med ei skuleflink storesøster. Ho jobba målretta i mange år for å komme inn på eit av dei fem beste realfag-universiteta i Kina. Derfor var det naturlig for meg å satse på realfag og starte på bachelorstudie som maskiningeniør, seier Ann.

Universitetet til Ann i Kina hadde tilbod om utveksling med Høgskulen i Narvik. Etter utvekslingsopphaldet vart ho ovetala til å ta sivilingenør graden sin her, det innebar å lære seg norsk undevegs. Realfaga kunne ho frå før, men det vart mykje å lære seg i ein ny og framand kultur. Med ei fersk sivilingeniør grad i lomma, gikk Ann i gang med å søke jobb i den lokale industrien.

—Her møtte eg eit overraskande hinder: Industribedriftene var skeptisk til at eg som er 150cm høg, kunne rekke opp til kontrollpanel og brytarar. Heime i Kina var eg van med å bruke ein krakk eller skammel for å rekke opp, i Norge var det tydelegvis ei større utfordring, seier ho.

Ann fortsette difor studieløpet, denne gongen som sivilingeniør i produksjonsteknologi. Dette studiet fullførte ho i 2014, samstundes som jobbmarknaden for ingeniørar kollapsa i Norge. Løysinga på jobbkrisa var enkel: Ann hadde undervist medelevar i matematikk og realfag gjennom vidaregåande og deretter på universitetet. Ho heiv seg rundt og tok pedagogisk tilleggsutdanning for å bli lektor i realfag og Norsk framandspråk.

Som nyutdanna lektor fikk Ann fleire jobbtilbod, og valde å takke ja til ei stilling innan vaksenopplæring i Bremanger. —Her jobba eg som kontaktlærar og opplevde å danne varige vennskap blant kollegaer, fortel Ann om tida i Bremanger. Av «gammal vane» fortsette Ann å studere ved sidan av jobben, og tok eit årsstudium i engelsk.

Livet skjer, og etterkvart ordna seg slik at ho fikk seg kjærast og vart med på å overta ein odelsgard i Naustedalen. Her oppe under fjella har ho funne sin heim med sambuar og to jakthundar.

Ann har hatt fleire stillingar sidan vaksenopplæringa. Først var ho med på å bygge opp grunderbedrifta Evoy i Florø. Dyktige og engasjerte kollegaer jobba døgnet rundt for å bygge verdas raskaste el-båtat. —På tross av mykje arbeid og lite søvn, så opplevde eg eit fantastisk arbeidsmiljø og fekk delta i god gammaldags vestlandstradisjon: Kombinasjonen av dugnadsånd og prestasjonskultur, fortel Ann om tida i Evoy.

Etter nokre år hos Evoy trappa Ann ned og gjekk til ein 8-16 jobb i Vestland fylkeskommune. Her var ho byggleiar med ansvar for å følge opp entreprenørar si drift av elektrokontrakter i Sunnfjord/Nordfjord distriktet.

—Etter nokre rolige år så lokka eventyret igjen, denne gongen oppstart av Engebø Rutile & Garnet. Her har eg atter ein gong møtt ein gjeng entusiastar som skal få ei verksemd opp og gå. Her slepp vi å konstruere maskinene våre sjølv, men mykje skal på plass før gruva kan levere på kontraktane som er inngått.

Vi er utruleg glade for at livets tilfeldigheiter førte Ann Zhou til Naustdal, og for at ho no er på plass her hjå oss.