Ansatt Merete på topptur i snølagt fjell

Merete Juel er tilsett som økonomi og finansleiar hos Engebø Rutile & Garnet

På fritida likar ho seg best ute i frisk luft, enten i selskap av familien eller ei god venninne. Merete Juel har nyleg tatt til som økonomi -og finansleiar hos oss.

– Eg likar friluftsliv; gå tur i fjellet, gå på ski både oppover, nedover og bortover, fiske, rypejakt i Finnmark (vert alt for sjelden) og sanke blåbær, tyttebær og kantarell på hausten.

Framleis skulle ho ønske ho kjende til ei god multemyr eller to i nærområdet.

Før Merete kom til oss jobba ho som leiar for forretningsutvikling i Fjord 1. Ho har og vore innom Olav Thon Gruppen og KPMG.

– Eg synast det er svært spennande å få vere med å starte opp ein stor lokal arbeidsplass i Naustdal og den første nye gruva i Norge på 40 år! Spesielt kjekt er det at det er eit stort mangfald her med dyktige tilsette frå alle verdenshjørner som buset seg her og at halvparten av leiargruppa er kvinner, samt at vi kjem til å levere det titanråstoffet i verda med desidert lågast CO2-utslepp.

Velkomen til Engebø Rutile & Garnet, Merete, vi er så glade for å ha deg med på laget!