Mineraleventyret på Engebø: Bli med oss som Teamleiar for rekneskap og lønn!
Har du ein lidenskap for tal – og kanskje ein svakhet for fredagvafler og god stemning? Då kan vi ha jobben for deg! Ved Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, søker vi teamleiar for rekneskap og lønn. Dette er ikkje berre ei stilling – det er ein moglegheit til å vere med på å forme historia, bokstaveleg talt, i det første gruveprosjektet i Norge på 40 år.
Men vent litt – før vi dykkar ned i detaljane om kva jobben inneber, må vi snakke litt om kven du skal jobbe saman med. For lat oss vere ærlege: Det er ikkje berre arbeidsoppgåvene som betyr noko, men også folka rundt deg.
Teamet ditt: Ei unik samling av talent og sjarm
Du kjem inn i vår avdeling for finans og forretningsstøtte – ein triveleg gjeng som veit å kombinere høg fagleg standard med godt humør og mykje arbeidsglede. Stjernelaget du skal samarbeide med består av følgande:
- Merete er vår finans- og økonomileiar. Ho er økonomen som alltid har stålkontroll – og med sitt strålande humør er ho limet i avdelinga. Ein trygg og effektiv leiar som klarer kunsten å vere både tydelig og uendeleg hyggelig på same tid.
- Arild, innkjøpssjefen vår, er sogningen som aldri seier nei til å hjelpe. Han stiller alltid med eit glimt i auget og ein vits som kanskje (eller kanskje ikkje) får deg til å le. Når Arild er i rommet, er det alltid god stemning.
- Stephan, vår controller, har ein fascinerande bakgrunn. Opprinnelig er han frå Gaular, men då vi henta han inn som controller i Engebø Rutile and Garnet måtte vi importere han heile vegen frå Canada. Han kan sjonglere både mandariner og talrekker, og han startar gjerne arbeidsdagen med å kaste kaffikoppen sin nokre gonger i lufta før han fyller den.
- Thomas, service- og sikkerheitsansvarleg, er kanskje teamets mest allsidige medlem. Han er faktisk opprinneleg kokk, og det merkar vi! Han sikrar ikkje berre tryggleiken på arbeidsplassen, men sørger også for at vaffeljernet går kvar fredag. Thomas er ein moroklump med raudt hår og ein blå Mustang som speglar den fargerike personligheita hans. Enten det er ein sikkerheitsbriefing eller ein lunsjpause, kan du vere trygg på at Thomas leverer, både faglig og god stemning.
- Steinar, vår kunde- og logistikkansvarlege, er geologen som verkeleg kjenner Engebøfjellet. Han er alltid klar for å dele kunnskap – eller for å dra i gang ein joggetur eller nokre raske push-ups i lunsjen. Ein mentor både på jobb og i treningsøktene.
- HR-leiar startar offisielt hos oss i april. Vi har ikkje blitt så godt kjent med ho endå, men det ryktast at dama som er på veg inn er ekstremt dyktig, og veldig veldig trivelig.
Kort sagt: Du vil jobbe saman med folk som ikkje berre er dyktige, men som også sørger for at du gler deg til å gå på jobb kvar dag.
Stillinga: Kva går jobben faktisk ut på?
Som Teamleiar for rekneskap og lønn får du ei nøkkelrolle i å utvikle økonomifunksjonen i selskapet. Her får du breie arbeidsoppgåver – frå å koordinere rekneskapsteamet til å sikre at lønn blir utbetalt korrekt. Men dette er ikkje berre ei jobb med tal: Du får vere med å bygge opp system og prosessar i ein ny og ung organisasjon, som har ambisjonar om å bli best i klassen på systemløysingar.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er strukturert, nøyaktig og ikkje redd for å ta initiativ. Du bør ha erfaring frå rekneskapsarbeid eller revisjon, og det er ein fordel om du har leiarerfaring. Har du i tillegg ein god dose humor og evne til å sjå løysingar der andre ser utfordringar? Då er du akkurat den vi treng!
Kvalifikasjonar:
- Høgare økonomisk utdanning.
- Minst 3 års relevant erfaring innan rekneskap, lønn eller revisjon.
- Interesse for systemarbeid – og kanskje litt nysgjerrig på Xledger?
- Gode språkferdigheiter på norsk og engelsk.
Kvifor jobbe hos oss?
På Engebø får du ikkje berre ei spennande stilling, men også moglegheita til å vere med på noko heilt unikt. Her finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med stor takhøgd og eit sterkt fokus på trivsel og samarbeid. Vi er ein internasjonal organisasjon, men samstundes ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord, der vi er stolte av å skape verdiar lokalt.
Og ikkje minst: Hos oss får du eit spanande miljø, rom for utvikling og eit team som støttar deg – både fagleg og sosialt.