Opning på Engebø: Ei feiring av tida som kjem, og folka bak.

Torsdag 22. mai opna inviterte vi til opningsdag på Engebø, og for ein dag det blei! Over 100 gjester tok turen for å feire starten på mineralutvinninga. Frå storslått utsikt i fjellet til tett på opplevingar i prosessbygget.

Eit program med tyngde

Dagen starta med ei varm velkomsthelsing frå vår eigen Kenneth, før scena blei overtatt av ei rekke sterke stemmer:

  • Ivar S. Fossum, tidligare CEO i Nordic Mining, Kjell Roland, styreleiar i Nordic Mining og Finn Ivar Marum, ny CEO i Nordic ming.  Tankar om vegen hit, og vegen vidare.

  • Nikolai Astrup, stortingsrepresentant, snakka om verdien av norsk mineralindustri i ei grøn omstilling.

  • Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord, løfta fram den lokale betydninga av prosjektet.

  • Fylkesordførar Jon Askeland og statssekretær Tomas Norvoll runda av før vi klipte snora, og markerte Nordic Mining sitt anlegg på Engebø opna.

Ein fin kombinasjon av festligheit og fag

Etter opninga blei gjestane med på guida tur både på Engebøfjellet og i prosessanlegget. I tillegg hadde vi stands med geologi og berekraft. Det blei og selvert god mat, kaffi og kake, av servitørar som valigvis jobbar som prosessoperatørar, laboratorieoperatørar, med ESG og på vedlikehald. Stemninga var både høgtideleg og uformell, akkurat som vi hadde ønska.

Takk til alle, spesielt til dykk som står på kvar einaste dag

Vi vil rette ei stor takk til alle som kom og delte dagen med oss. Dykk gjorde dagen spesiell, og den blei akkurat som vi ønska. Vi vil og takke våre eigne tilsette. Utan dykk hadde det ikkje blitt noko mineralutvinning på Engebø, og heller ingen opningsfest.

Tusen takk❤️

Vil du sjå meir frå sjølve dagen? Følg oss gjerne på Facebook, Instagram eller LinkedIn. Den nye brandfilmen vår kan du og sjå her.