Oppdatering frå Engebø
Nordic Mining gir ei oppdatering på arbeidet ved Engebø Rutile and Garnet. Sidan januar har selskapet arbeidd systematisk med ei forbetringsplan for å få produksjonen stabil og gradvis auke kapasiteten i anlegget.
I videoen under fortel CEO i Nordic Mining, Finn Ivar Marum, og dagleg leiar ved Engebø Rutile and Garnet, Andrew Templeman, om status for oppkøyringa og kva som er dei viktigaste prioriteringane framover.
Dei siste månadene er det gjort fleire tekniske justeringar og tiltak i prosessanlegget. Dei første effektane byrjar no å bli synlege, særleg i våtanlegget. I februar stadfesta også ei uavhengig tredjepartsvurdering at prosessanlegget kan køyre ved full designkapasitet.
– Dei siste vekene og månadene har vi arbeidd målretta med oppkøyringa av anlegget. Vi har framleis utfordringar vi jobbar med, men utviklinga går i riktig retning. No handlar det om å stabilisere drifta slik at vi etter kvart kan optimalisere produksjonen og nå full kapasitet, seier Finn Ivar Marum, konsernsjef i Nordic Mining.
Dette arbeider vi særleg med no
-
Oppkøyringsplanen blir følgd opp steg for steg i både våtanlegget og tørranlegget
-
Målet er stabil produksjon ved designkapasitet innan utgangen av året
-
Det blir gjort tekniske justeringar i fleire delar av prosessen, samtidig som vi styrkar rutinar og opplæring i drifta
-
Eit team av tekniske og operasjonelle ekspertar er på plass for å støtte arbeidet
-
Prosess og logistikk fungerer godt og legg til rette for meir stabil drift etter kvart som anlegget blir køyrt inn
Forbetringsplanen som vart sett i verk i januar byrjar no å gi resultat. Dei største framstega er venta gjennom andre kvartal etter kvart som dei siste flaskehalsane i anlegget blir løyste.
Nokre viktige fokusområde
Våtanlegget
Justeringar i vasshandtering har gitt betre vasskvalitet. Det har redusert nedetid og gjort det mogleg å auke kapasiteten.
Rutilprosessen
Vidare optimalisering heng tett saman med stabil drift i tørranlegget. Her blir det no også henta inn ekstern kompetanse på rutilprosessering.
WHIMS-kretsane
Dei magnetiske separatorane blir justerte og fininnstilte for å auke kapasiteten og få ei meir stabil drift.
Nordic Mining vil gi ei ny produksjonsoppdatering 13. april, og presenterer resultata for første kvartal 12. mai.
