Praktisk informasjon om open dag
Hei alle! Vi gler oss til å ta imot dykk, og vise fram anlegget vårt på open dag🤩 Og sjølv om vi gler oss, så er det ikkje berre berre å opne dørene her. Det er framleis idustri, og eit anlegg der det er mange hensyn som må takast og reglar som må følgast. Så her får du litt praktisk informasjon.
Transport til open dag
Det er ikkje mogleg å køyre eigen bil til arrangementet. Skal du inn på anlegget må du sitte på ein at shuttlebussane vi har sett opp. Dei går frå Førde, Eikefjorden og Naustdal. Det vil og gå shuttlebuss i bygda mellom Helle og Vevring. Det sit eit menneske på bussen som er tilsett hos oss som er godt kjent i bygda, som skal ordne det så alle som vil inn på anlegget får bli plukka opp. Er du avhengig av barnesete kan du ta dette med, så vil du kunne lagre det på tilvist plass på Engebø til du skal heim att.
Tur på fjellet
Har du kryssa av for at du ønsker ein busstur opp på fjellet for å sjå dagbrotet når du har meldt deg på? Her vil det gå ein eigen shuttlebuss ca kvart 40 minutt, og det er førstemann til mølla prinsippet. Har du stort ønske om å bli med på Engebøfjellet anbefalar vi å prioritere å stille seg i kø her raskt etter ankomst då vi ikkje kan garantere at vi rekk å få opp alle som vil i løpet av dagen. Turen tek litt tid, og er ikkje veldig spennande eller eigna for små barn.
Klede og sko
Mesteparten av arrangementet foregår utandørs, vi anbefalar difor å kle seg godt. Vi har telt, og ein er innandørs under omvisning, men det kan framleis kjennast litt dersom det bles kaldt. Unngå opne sko som sandalar og høge hælar. Vi har senka krav bekledning denne dagen, difor treng ein ikkje vernesko eller hjelm på open dag. Men vi som jobbar her kjem til å ha på oss arbeidsuniform så vi er synlige.
Matservering
Det blir grilla og servert pølse i brød gjennom dagen. Dette er sjølvsagt gratis. Matservering er oppe frå 11.00.
Omvisning på anlegget
Vi har satt opp ei løype gjennom anlegget for dei som ønsker å sjå dette. Det er plassert ut tilsette i løypa som kan forklare litt teknisk kva som skjer i bygget, samt svare på spørsmål. Vi gjer merksam på at det ikkje er lov å fotografere inne i bygga. Unngå opne sko som sandalar, og ikkje bruk høge hælar. Nokre stader kan det vere høgt ned, så har du høgdeskrekk bør ein snu i tide. Barn kan ikkje gå på omvisninga aleine men må heile tida haldast under oppsyn og passast godt på av ein vaksen. Både inne i bygga og på anlegget ellers er det viktig at ein oppheld seg innanfor tilvist område, og at ein ikkje går forbi sperringar. Vi ønsker veldig gjerne å sleppe deg inn, og vi ønsker at alle kjem like heile ut att.
Har du spørsmål må du gjerne ta kontakt. Kommunikasjonsleiar kan nåast på telefon 47616539 frå 09.00 laurdag morgon. Dei tilsette er synlige og kan svare deg på spørsmål gjennom dagen.