Stig Heggheim er vår nye automasjonsingeniør

Ein strålande vinterdag ser du han kanskje flyge over horisonten i speedglider. Men til dagleg er han nyleg tilsett som automasjonsingeniør kontrollrom i Engebø Rutile & Garnet. Hels på Stig Heggheim.

Stig har utdanning i automasjon frå HVL og kjem frå stilling som prosjektingeniør hos GK Norge. Han har tidlegare jobba for Hellenes og er ingeniør i atuomaseringsteknikk.

—Eg befinn meg ein stad midt imellom innadvendt og utadvendt. Uansett meiner eg at er ein positiv og løysingsorientert så kjem ein langt, seier Stig.

Fritida brukar han gjerne saman med familien eller vener. —Om eg hadde ei helg heilt utan planar ville eg tatt meg ein tur til Myrkdalen for å stå på ski og fly med speedglider, melder Stig. I tillegg til interesse for ski og flyging har han to eldre bilar han styrar litt på med.

—Eg er veldig takksam for å kunne ta del i eit så stort og interessant prosjekt i regionen, og ser fram til å sjå tusenvis av komponentar spele på lag for å lage råstoff av høg kvalitet.

Velkommen til oss Stig, vi er glade for å ha deg med på laget.