Store ringverknader frå Nordic Mining si etablering på Engebø
Ei ny analyse frå BDO viser at Engebø-prosjektet allereie har skapt store verdiar for både lokalsamfunnet og norsk mineralnæring.
Analysen er gjennomført på oppdrag frå Sunnfjord Utvikling, og tek for seg effektane frå etableringsfasen og det første driftsåret til Engebø Rutile and Garnet (ERG).
Betydelige ringverknader frå etableringsfasen
I perioden 2021–2025 har aktiviteten knytt til utbygginga av anlegget skapt omfattande ringverknader.
Totalt er det estimert 1,8 milliardar kroner i indirekte verdiskaping, der:
- 455 millionar kroner har tilfalle næringslivet i Sunnfjord
Ein viktig del av dette resultatet er høg bruk av lokale leverandørar. Gjennom prosjektet har desse leverandørane styrka både kompetanse, kapasitet og konkurransekraft.
Drift gir effekt, allereie i oppstartsåret
2025 er det første operative driftsåret for ERG. Oppstarten er prega av tekniske justeringar og høge startkostnadar, noko som gir negativ verdiskaping i selskapet sitt rekneskap.
Likevel viser analysen at aktiviteten skapar betydelege verdiar rundt oss:
- 200 millionar kroner i indirekte verdiskaping i 2025
- Effektar knytt til kjøp av varer og tenester, vedlikehald og støttefunksjonar
Med andre ord: sjølv når vi er i oppstartsmodus, skjer det mykje verdiskaping i ringane rundt oss.
Sterk effekt på sysselsetjing
Prosjektet har hatt stor betyding for arbeidsplassar, både lokalt og nasjonalt:
- 1 400 indirekte årsverk i etableringsfasen (2021–2025)
- I 2025 skapte kvart direkte årsverk 1,8 indirekte årsverk nasjonalt
- Totalt: 2,8 årsverk per direkte årsverk
I tillegg kjem effektar som ikkje alltid er like enkle å måle:
- tilflytting til regionen
- lærlingplassar og kompetansebygging
- samarbeid med skular og utdanningsmiljø
- etablering av nye teknologitunge arbeidsplassar
Kompetanse og samarbeid i sentrum
Analysen løftar også fram betydinga av Hub for Minerals, som er etablert i samarbeid mellom ERG og Sunnfjord Utvikling.
Her blir det peika på potensial innan:
- kompetanseutvikling
- næringsutvikling
- sirkulær utnytting av restmineral
- samarbeid på tvers av industri og mineralnæring
Vegen vidare
For å styrke dei langsiktige effektane tilrår BDO mellom anna at vi:
- vidareutviklar lokale leverandørar
- bidreg aktivt til kompetanseutvikling i regionen
- tek ei tydeleg rolle som pådrivar for innovasjon
- legg til rette for samarbeid og sirkulære løysingar
Dette treff godt med retninga vi allereie jobbar etter, og vi gler oss til vegen vidare!
Last ned full rapport
Vil du gå djupare inn i tala og analysane?
Last ned heile ringverknadsanalysen: 2026.04.08-BDO-Ringverknadsanalyse-av-ERG-2
