To nye leiarar er på plass. Bli betre kjent med Karoline og Karen Marie.
På Engebø har vi fått to nye leiarar på plass. Dei tek begge med seg stort engasjement, reflekterte hovud og mykje hjertevarme. Møt Karoline og Karen Marie.
Karoline Høyvik – tryggleik i botn og miljø i fokus
Karoline er ny miljø- og berekraftsleiar hos oss, med ein master i analytisk kjemi og miljøkjemi. Ho har tidlegare jobba innan oljeindustrien, som miljørådgivar og som leiar for miljøkvalitet i SUM.
—Eg var i dialog med Kenneth (dagleg leiar i Nordic Mining på Engebø) ei stund før eg takka ja. Den første gongen vi snakkast var det ikkje heilt riktig timing. Den gong vart vi einig om å halde kontakten. Etter fleire gode samtalar og ein arbeidsgivar som viste seg villig å tilrettelegge på ein måte som gjorde det mogleg å kombinere ei leiarstilling med eit hektisk familieliv, landa eg på at dette var rett for meg. Og det har det verkeleg vore. For meg handlar det om tryggleik, og det kjenner eg her, seier Karoline.
Det som appellerte til Karoline med jobben er at ho får vere med å sette standard tidleg i prosessen, for å minimere påverknaden på omgivnadene frå første stund.
—Alt vi mennesker gjer har ein påverknad på naturen, og eg trivast med å vere den som snakkar miljøet si sak, seier ho.
Som leiar er det ikkje berre naturen Karoline har hjerte for, det gjeld og dei ho har leiaransvar for: —Det betyr mykje for meg at dei eg er leiar for føler seg sett, og at dei veit at dei gjer ein viktig jobb. At det betyr noko for organisasjonen at dei er her.
Når Karoline ikkje jobbar med berekraft, finn du Karoline på ein gard, der ho bur med sambuaren sin og tre barn.
Karen Marie Reiakvam – menneske først, alltid
Karen Marie er vår nye HR-leiar. Ho kjem frå stilling som avdelingsleiar i Nav, med bakgrunn som sjukepleiar og vidareutdanning innan psykisk helse og rus. HR for Karen Marie handlar om meir enn tal og rekrutteringsprosessar, det handlar om folk.
—Eg synest det er heilt fantastisk at vi får til noko så spennande her i «lille» Naustdal. Nordic Mining er ei unik verksemd, og å få jobbe med både menneske og mineralutvinning i heimbygda mi, det gir meining, seier ho.
Ho legg vekt på HR som ein strategisk funksjon, og eit verktøy for å bygge ei sterk og inkluderande verksemd.
—Eg har tre ting eg styrer etter: Å vere modig. Å tole. Og å bry seg. HR handlar om å sjå folk, få fram det beste i dei, for utan dei rette folka, blir det heller inga mineralutvinning, meiner ho.
Karen Marie er trebarnsmor, og på veg inn i 40-årskrisa, som ho seier med eit smil. Ho har gjennomført eit halvmaraton(kanskje blir det fleire?), eig toppturski (men likar dårleg å køyre nedover), og trivst som vertinne med sans for detaljar.
Same mål, ulik veg
Både Karoline og Karen Marie har byrja i kvar si leiarrolle, men med eit felles fokus: Å bygge noko varig, meiningsfullt og menneskeleg. Vi er stolte av å ha dei med på laget.
Velkomen!