Vår nye laboratorieansvarlig er på plass

Kristoffer Grane er tilsett som laboratorieansvarlig i Engebø Rutile and Garnet. No søker han 5 nye kollegaer.

Kristoffer er 33 år gammal, og kjem opprinnelig frå Førde. Du kan kanskje kalle han eit heilt typisk eksempel på heimvendt sunnfjording. —Eg studerte geologi i Bergen og Tromsø, før eg returnerte heim i 2018. Etter at Kristoffer kom heim har han vore tilsett i Nordea og Vestland Fylkeskommune.

Kristoffer er ikkje heilt ukjent for Nordic Mining. I 2016 hadde han sommarjobb assistentgeolog hos oss. Det var då Kristoffer fikk moglegheit til å skrive master for verksemda. Sjølve oppgåva omhandla kjemien i bergarten, og vi kan gå ut ifrå at interessen for Engebøfjellet oppsto her. —Eg har sansen for at verksemda ser potensialet i folk tidleg, og vidare gir dei moglegheiter, seier Kristoffer.

Fritida likar Kristoffer å tilbringe med sambuaren sin, familie og vener. Som sunnfjordingar flest finn du han gjerne på veg opp eller ned eit fjell – både med og utan randoneeski.

Når Engebø Rutile and Garnet lyste ut stilling som Laboratorieansvarlig var ikkje Kristoffer i tvil om at han skulle søke. —Eg har fulgt med Nordic Mining sidan eg var innom i 2016. Fagleg og geografisk var stillinga som laboratorieansvarlig midt i blinken! Det er ikkje kvar dag det dukkar moglegheiter som klaffar så bra med min bakgrunn, seier Kristoffer.

Som laboratorieansvarlig vil han få leiaransvar for 5 laboratorieoperatører, dei stillingane er utlyst allereie no. Som laboratorieoperatør bør ein vere strukturert og nysgjerrig. —Vi er ikkje berre ute etter folk som kjem frå bransjen, men ser og gjerne etter dei som er interessert i å lære seg eit heilt nytt fag. Det er kanskje ein rutineprega jobb i utgangspunktet, men dei som kjem inn hos oss vil få vere med på å utvikle akkurat desse rutinane frå start. Dei vil og få moglegheit til å lære seg meir om heile prosessen i heile gruvedrifta, svarar Kristoffer på spørsmål om kva han ser etter i sine fem nye kollegaer.

—Det aller mest spennande med å jobbe i Nordic Mining no, er å få vere med på å bygge opp noko frå start. Ein bonus er jo at dei andre tilsette er utruleg kjekke folk. Teamet no er ein veldig spennande miks av folk med forskjellige bakgrunnar, rett og slett ein veldig spennande gjeng.

Vi er kjempeglad for at Kristoffer ville bli ein del av den spennande gjengen, og gler oss til laben er oppe og går.