Vestland Fylkeskommune går inn i Hub for Minerals

Dette er Hub for Minerals

Hub for Minerals er eit samarbeid for å utvikle framtidas mineralnæring i Vestland, med mål om betre ressursutnytting, meir innovasjon og nye verdikjeder knytt til mineralressursar. Initiativet bygger vidare på ein felles ambisjon frå 2011 om å skape ei grøn og framtidsretta mineralnæring i regionen.

Hub for Minerals skal:

  • utvikle ny kunnskap om mineralressursar
  • finne betre bruk for restressursar og restmassar
  • bidra til sirkulærøkonomi og industriell symbiose
  • styrke samarbeid mellom industri, fagmiljø og offentlege aktørar
  • legge grunnlag for nye arbeidsplassar og verdiskaping