Vil du bli ein del av mineraleventyret på Engebø? Andrea søker ny kollega.
På Engebø skal vi jobbe oss frå oppstart mot full produksjon i løpet av 2025. No søker vi etter ein dyktig geolog til mining teamet.
Andrea, ein lokal geolog som leiar veg
Får du jobb som geolog hos oss, blir Andrea, din næraste kollega. Andrea kjem frå Florø og har allereie satt sitt preg på drifta. – Det er utruleg spennande å jobbe i Nordic Mining på dette tidspunktet, seier Andrea. – Det er ikkje kvar dag ein får moglegheita til å vere med å starte noko heilt nytt innan mineralutvinning i Norge.
Då Andrea søkte på stillinga, opplevde vi ei enorm interesse med over 50 søkarar. – Det viser kor mange som ser potensialet i prosjektet på Engebø, seier ho. For Andrea var kombinasjonen av ein spanande jobb og moglegheita til å bu nært naturen og familien i Florø ein perfekt match.
Jobben som geolog på Engebø
Som geolog hos oss vil du vere ein sentral aktør i utviklinga av mineralutvinninga. Arbeidet inkluderer alt frå kartlegging og modellering av førekomsten, til overvaking og optimalisering av dagbrotet for å sikre effektiv ressursutnytting. Du vil også delta i vidareutviklinga av berekraftige strategiar og samarbeide tett med ulike fagteam.
Kven ser vi etter?
Vi søker deg som har ein bachelor eller mastergrad i geologi og gjerne erfaring frå mineralutvinning eller gruveindustri. Interesse for berekraftige løysingar er ein stor fordel, og vi ser etter ein person som trivast i eit internasjonalt arbeidsmiljø. Hos oss vil du få kollegaer frå heile verda.
Bli med på laget!
Vi starta mineralproduksjon i Q4 2024, og framover er fokuset å jobbe seg opp mot full produksjon. Dette er eit perfekt tidspunkt for å bli med på laget då du får moglegheita til å vere med på å forme framtida for norsk gruveindustri.