Vilde er trainee i geologi. No er ho på plass hos oss!

Vilde Lund Øksnes er 26 år og opprinneleg frå Sætre. No er ho nyutdanna sivilingeniør frå NTNU i Trondheim, klar for å ta fatt på 2 år som trainee. Første stopp er hos oss i Engebø Rutile & Garnet.

—Engebø Rutile & Garnet har tatt kjempegodt imot meg! Eg trivast veldig godt, og alle har tatt meg godt imot og er kjempeinkluderande. Eg har allereie blitt tillagt mykje ansvar, og føler at eg er ein del av verksemda, seier Vilde.

Vilde har gått sivilingeniørstudiet Tekniske Geofag på NTNU i Trondheim. Her har ho tatt mastergrad innanfor teknisk ressursgeologi, med ein del fag innanfor mineralproduksjon og oppredning. —Eg endte opp i denne fagretninga litt tilfeldig. Foreldra mine er begge ingeniørar, difor ville eg bli sivilingeniør. Då eg begynte på Tekniske Geofag oppdaga eg at eg likte fagretninga veldig godt, fortel Vilde.

Det var traineeordninga til Norsk Bergindustri som tok Vilde til Sunnfjord og Engebø Rutile & Garnet. I deira ordning er ein trainee i 2 år samanhengande, der ein er innom tre forskjellige verksemder over ein periode på 8 månader. —Grunnen til at eg søkte på denne ordninga var moglegheita til å prøve så mykje forskjellig over ein periode, og dermed finne ut av kva eg likar best å jobbe med i praksis. Eg er veldig nøgd med at Engebø Rutile & Garnet er ei av bedriftene eg skal innom!

Livet i Sunnfjord er veldig fint!

Med eit opphald på berre 8 månader kan ein kanskje tenke seg at det er begrensa kor godt kjent ein rekk å bli med ein stad og folka der? Eller? —Mitt inntrykk av “livet i Sunnfjord” er at det er mykje kjekt og hyggeleg å finne på. I tillegg mykje fin natur og moglegheit for fine turar. Eg har allereie sett mange dømer på flott utsikt, og generelt inntrykk av at det er mykje som skjer. Til no har eg vore med på både konsertar, stand-up, uteliv, vin og sushismaking (U40) og diverse trening. Oppsummert vil eg sei at Sunnfjordingar er hyggelege og inkluderande menneske, seier Vilde.

Så kjem vi til det store spørsmålet! Er det mogleg å overtale Vilde til å returnere til Sunnfjord, når ho er ferdig som trainee utpå hausten i 2025 ein gong? —Mitt inntrykk av Engebø Rutile & Garnet og alle som jobbar her er veldig bra! Det er ikkje utenkeleg for meg å returnere hit. Det er ei spennande verksemd, og området verksemda held til i er utruleg fint!